Erling røysum as

Erling Røysum AS er den største forhandlaren av våpen og jaktutstyr i indre Sogn, og har lang erfaring innan bransjen. I vår jakt- og friluftsavdeling har me alt du treng for jakt, skyting og fiske. Me har Sogn sitt største utval innan jakt, våpen og ammunisjon, og kan hjelpe deg med vår kompetanse.

Me tilbyr våpen frå Tikka, Sako, Blaser, Browning, Remington m.fl. og har både rifler og hagler på lager. Ta kontakt for ein god pakkepris på rifle, kikkert og lyddempar! Me tilbyr også gjenging av løp.

Me har stort utval i både jakt- og treningsammunisjon frå Norma, Lapua og Federal på lager i dei fleste kaliber. Og for heimeladaren har me gode prisar på kuler og krutt.

Er du på jakt etter termisk kikkert? Kontakt oss for eit godt tilbod på kvalitetsutstyr frå Pulsar m.fl.

Me er godkjent Eliteforhandlar av ICOM jakt- og sikringsradioar med eigen verkstad for service og vedlikehald.

Har du spørsmål eller treng råd? Snakk med oss - me veit kva me snakkar om. Me har sjølv testa det me tilbyr, for å sikre at du som kunde vert nøgd!